In Norwegian:
http://wo.uio.no/as/WebObjects/avis.woa/wa/visArtikkel?id=42705&del=uniforum
– Iran undertrykkjer akademikarar
– Både studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo må visa solidaritet med fengsla og forfylgde akademikarar i Iran ved å skipa til seminar som tar opp situasjonen deira. Det seier den iranske studenten Kianosh Sanjari, som nyleg kom til Noreg som flyktning.
Av Martin Toft
Publiseringsdato: 11.02.2008 16:29
Etter at han kom til Noreg 1. november i fjor har Kianosh Sanjari brukt ein stor del av tida på å fortelja om den politiske situasjonen i Iran, og spesielt om trakasseringa og forfylginga av studentane og universitetslærarane i heimlandet sitt.
Sjølv har han både vore studentleiar og ein ivrig bloggar. Saman med Amnesty International og UiO-forskaren Mahmood Amiry-Moghaddam har han også skipa til ein protest utanfor Stortinget mot alle avrettingane i Iran.
Då me treffer han på Chateau Neuf, skal han delta som hovudgjest i onsdagsdebatten. Temaet er auken i avrettingane i Iran og den utvida bruken av makabre avrettingsmetodar. Den nesten to meter høge iranaren er mest opptatt av å snakka om den vanskelege situasjonen for studentane og akademikarane i Iran.
– Torturerer studentar
– I dag las eg om studentar som blir utsette for tortur i varetektsområde 209 i det berykta Evin-fengselet i Teheran. Dei er blant dei 30 studentane som blei arresterte i november i fjor, fordi dei ville organisera eit fredeleg studentarrangement, seier han.
¨ Men Sanjari er viss på at det iranske regimet vil bruka den faste påstanden mot dei som dei arresterer og fengslar.
– Regimet vil løgnaktig skulda dei for å ha kontakt med iranske opposisjonsgrupper i eksil. Det brukar dei som grunn til å slå ned på studentaktivitetar. Den eigentlege grunnen til at dei blir tatt av politiet, er at dei har kritisert styresmaktene i Iran, er han heilt sikker på.
Disiplinærdomstolar
Sidan august 2007 har minst 60 studentar mista studieretten sin ved ulike universitet i Iran.
– Dei er blitt dømde av disiplinærdomstolar ved universiteta, som kan gi dei åtvaringar eller stengja dei mellombels ute frå universitetet i to eller fleire semester. I dag høyrde eg også om studentar som var blitt slått og sparka av politiet, for å få ut tilståingar frå dei.
- Dei blir ofte melde til politiet av student-Basijis, som er ei gruppe med studentar som er nært knytte til etterretningstenesta. Studenten Said Habibi har ikkje familien klart å få kontakt med, og dei veit sjølvsagt ikkje kvar han er, fortel Sanjari. Protestar Det er likevel ikkje berre på universitetsområda, men også i studentbyane studentane protesterer.
– Over 1500 studentar samla seg i ein protest mot styresmaktene for nokre veker sidan. Det førte til samanstøytar mellom studentane og tryggingsstyrkane. Me veit ikkje om nokon blei arrestert, men éin student er framleis sporlaust borte. Dette skjer for å setja studentar under press, før dei brukar tortur for å få dei til å tilstå framfor fjernsynskamera. Det har også skjedd tidlegare, men alle veit at dei tilstår berre fordi dei er blitt torturerte, fortel han.
– Kasta ut 40 lærarar Heller ikkje professorane og universitetslærarane slepp unna undertrykkinga til regimet til president Mahmoud Ahmadinejad og Vaktarrådet.
– I fjor var presidenten på Universitetet i Teheran og oppfordra universitetsleiinga til å kasta ut liberale universitetslærarar og studentar. Like etter blei 40 universitetslærarar over natta kasta ut av universitetet. Hossein Bashireh er professor i statsvitskap, og han blei kasta ut av universitetet på grunn av meiningane sine, fortel Sanjari. Han synest likevel ikkje at Universitetet i Oslo skal seia opp samarbeidsavtalen med Universitetet i Teheran.
– Universitetet bør halda fram med kontakten. Men det bør vera klar over at universitetsleiinga er handplukka av regimet og gir feil informasjon. Det beste norske akademikarar kan gjera, er å ha kontakt med forfylgde universitetslærarar og studentar, slik at dei ikkje føler at dei er gløymde. Dessutan kan dei be norske styresmakter om å pressa det iranske regimet til å betra situasjonen for menneskerettane, slår han fast. Den 25 år gamle studenten synest ikkje det er rart at han er blitt ein aktivist mot regimet i Iran.
– Viss du hadde blitt arrestert for å ha ytra kritikk mot det politiske systemet i eit studenttidsskrift og bede om å slutta med det, så ville du heilt sikkert ha gjort det same. Sju politifolk knuste døra der eg budde, før dei arresterte meg og sende meg til eit fengsel der eg blei plassert på ei einecelle i 111 dagar. I den tida blei eg også torturert under avhøyr, fortel han. Flykta til Nord-Irak I 2006 klarte han å koma seg over fjella i iransk Kurdistan, til den kurdiske enklaven Nord-Irak. Der blei han arrestert av politiet, før han blei godtatt som kvoteflyktning. Noreg var det første landet som sa seg villig til å ta imot han. No brukar han ein god del av tida si på å fortelja nordmenn om den politiske situasjonen i Iran. Likevel har han eit håp om at han kan halda fram med studia i Noreg.
– Då skal eg studera menneskerettar, seier han til Uniforum.